Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Psykisk helseteneste og rusomsorg

Solund kommune skal sikre at innbyggjarane med psykisk liding og/eller rusavhengigheit med behov for langvarige og samansette tenester får eit heilskapleg og koordinert tenestetilbod.

Tenesteområda psykisk helse og rus er slått saman og ligg under same eining, Psykisk helseteam.

Oppfølging frå psykisk helseteam skjer via tilvising frå fastlege.»

Kontaktinformasjon Psykisk helseteam:

Kontortid:           Måndag, tysdag og annakvar onsdag kl 08.00 - 15.30
Kontoradresse:  Solundheimen
Telefon:              459 73 003

 

 

 

 

Psykososialt kriseteam

Psykososialt kriseteam – ”Kriseteamet” er sett saman av personell frå helse og omsorg, politi  og  sokneprest og har 7  medlemmar inkl. leiar.

Kriseteamet skal samordne den psykososiale innsatsen som trengs i ein krisesituasjon og sikre at dei som hendinga har råka – direkte, indirekte eller som innsatspersonell, får naudsynt oppfølging.

Dette inneber å drive oppsøkande verksemd for å gje personar som er ramma ved kriser og ulukker tilbod om psykososial oppfølging.

Kriseteamet skal vere eit kontaktledd frå ei krise oppstår, til det etablerte behandlings- og omsorgstilbodet i kommunen kan ta over og følje opp på ein trygg måte, og kan vere aktivert frå timar til døgn avhengig av behovet.

Politi, lege eller koordinator aktiverer teamet.

Leiar av Kriseteamet er medlem av beredskapsleiinga.

Psykososialt kriseteam
Psykososialt kriseteam
Tittel Vakttelefon Telefonnr arbeid Telefonnr mobil
Helsesjukepleiar 57 78 62 82 958 46 413/991 55 424
Sokneprest 57 78 62 15 476 69 620
Vakthavande lege 116 117 57 78 62 80
Vakthavande lensmann 55 55 60 00 56 35 56 70
Helse- og omsorgsleiar 57 78 62 23 909 24 284