Psykisk helse- og rustenesta

Psykisk helse og rustenesta er ein kommunedekkande teneste som gjer hjelp og støtte til personar som har utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rusvanskar.

Kven kan nytte psykisk helse- og rustenesta?

Tenesta er for deg over 18 år som:

  • Har psykiske lidingar eller vanskar
  • Ynskjer hjelp til å handtere rusrelaterte utfordringar
  • Treng langvarig oppfølging og tilretteleggjing som følgje av moderate eller alvorlege psykiske og/eller rusrelaterte vanskar
  • Treng hjelp til å handtere ein vanskeleg livssituasjon og til å meistre kvardagen 

Slik når du oss

For å komme i kontakt med psykisk helseteam, kan du sjølv kontakte tenesta eller få tilvising frå lege eller andre instansar du er i kontakt med. Kontaktinformasjon finn du nedst på denne nettsida.

Kva hjelp kan du få?

Tenesta arbeider etter ei miljøterapeutisk tilnærming, og oppfølginga vert tilpassa kvar enkelt brukar sine behov, mål og ressursar.

  • Hjelp til å lage struktur i og meistre kvardagen
  • Hjelp til å finne meiningsfulle aktivitetar
  • Støtte og tiltak for betring og meistring
  • Støttesamtalar
  • Råd og rettleiing
  • Kartlegging av rusmiddelbruk og problemområde
  • Individuell plan, ansvarsgruppe og koordinering av tenester
  • Hjelp til å finne riktige tenester
     

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist, det er fortløpande inntak til tenesta.

Saksgang og klage

Etter tilvising frå lege, vil du bli kontakta av psykisk helseteam for svar på tilvising og et eventuelt tilbod.

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du mottok brevet. Grunngje kvifor du klagar. 

Dersom kommunen ikkje finn å kunne endre vedtaket, blir saka sendt vidare til Statsforvalteren som siste klageinstans. 

Pris

Tenesta er gratis

Treng du akutt hjelp?

  • Ring fastlegen din i opningstida.
  • Ring legevakt på 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta.
  • Ring 113 ved fare for liv og helse.

 

Lover og reglar

Pasient og brukarrettigheitslova
Helsepersonelllova
Helse- og omsorgstenestelova

Ole Kristian Sund
Treningsfysiolog
Helse og omsorg
Epost
Mobil 45 97 40 03