Pakkeforløp psykisk helse og rus

Pakkeforløpa skal bidra til gode, koordinerte og samanhengande tenester til deg som bruker.
Dei skal sikra samhandling mellom brukaren, pårørande, fastlege, spesialisthelsetenesta, kommunale helse- og omsorgstenester og andre relevante aktørar.

Kven er tenesta for?

Pakkeforløp er for personar med psykiske lidingar som blir tilvist eit slikt tilbod i spesialisthelsetenesta.

Slik gjer du

Du må få tilvising frå lege for å få eit pakkeforløp.

Søknadsfristar

Det er fortløpande inntak til pakkeforløpa.

Saksgang og klage

Etter tilvising frå lege, vil spesialisthelsetenesta gjere ei vurdering. Om du har rett til helsehjelp, vil du få eit brev med innkalling til samtale. Vidare planlegging av utredning og behandling vil skje i samarbeid med deg.

Dersom det blir vurdert at du ikkje har rett til helsehjelp, vil du motta eit brev med begrunning for avslaget. Dersom du får avslag eller ikkje er fornøyd med tilbodet du har fått, har du rett til å klage.

Pris for tenesta

Prisen vil variere noko avhengig av kva teneste som blir kopla inn i pakkeforløpet.
Behandling i spesialisthelsetenesta har ein eigenandel for vaksne, men er gratis for barn.

Meir om tenesta

Kommunen har oppført ein forløpskoordinator som har ansvar for pasientar med behov for koordinerte tenestar, jf. Helse- og omsorgstenesteloven § 7-3.

For personer som allereie har ein behandlar/koordinator innan psykisk helse- og rustenester i kommunen, er det naturleg at denne personen tar hand om arbeidet med forløpskoordinering.

Oppgåver for forløpskoordinator i kommunen:

  • informere, rettleie og gi råd til pasient og eventuelt pårørande om pakkeforløp psykisk helse og rus
  • samarbeide med forløpskoordinator i spesialisthelsetenesta
  • sikre heilskapleg oppfølging med utgangspunkt i pasienten sine mål, ressursar og behov
  • sikre god samhandling mellom aktørane i helsetenestene, samt andre relevante tenesteytarar
  • sikre samordning av tenestetilbodet
  • initiere, innkalle og eventuelt lede møte knytt til koordinering og eventuell individuell plan
  • følge opp, evaluere og oppdatere individuell plan
  • førebu og koordinere aktuelle tiltak/tilbod i kommunen i god tid før utskriving, mellom planlagde opphald og under poliklinisk behandling

Du finn meir informasjon om pakkeforløp på Helsedirektoratet si nettside

Lover og reglar

Pasient- og brukarrettigheitslova
Helsepersonellova
Helse- og omsorgstenestelova

Ole Kristian Sund
Treningsfysiolog
Helse og omsorg
Epost
Mobil 45 97 40 03