Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Korona-vaksinering framover

Klikk for stort bileteNye retningsliner frå regjeringa gjer at det er usikkert kor mange vaksinedoser kommunen vil få framover.

Det er varsla at Solund kommune vil få færre doser frå midten av juni til midten av juli.

Fram til og med veke 28 ringer vi deg i forkant med tilbod om vaksinetid på onsdagar på legekontoret.

I veke 29, 30 og 31 har regjeringa gitt signal om at vi får fleire vaksinedoser enn normalt. Solund kommune arbeider no med å sikre ressursar til ei auke i vaksineringa for desse tre vekene.

Du kan framleis melde frå om du ynskjer vaksine, er 18 år og oppover, er folkeregistrert i Solund kommune, og er heime i ei av vekene 29, 30 og 31.
Du kan altså få tilbod om vaksine før veke 29, 30 og 31, men dersom du ikkje får tilbod før, så treng vi å vite kven som er heime og ynskjer vaksine for å kunne planlegge betre.
 

Du finn registrerings-skjemaet her

 

Takk til deg som allereie har meldt seg via registreringsskjemaet

Solund kommune vaksinerer etter lister frå folkeregisteret. Er du folkeregistrert i ei anna kommune så ber vi deg ta kontakt der.
 

Vidare framover.

Når vi er ferdig med vaksineringa veke 24 har vi vaksinert prioriteringsgruppe 4-7 og vi startar då med prioriterings gruppe 8 frå veke 25.

Dette er vaksinering av personar i alderen 55 til 64 år.

Kommunane får ikkje sikker informasjon om talet på glas eller dosar meir enn ei til to veker fram i tid, regjeringa har lova at vi skal få litt betre informasjon framover.

Pr. i dag veit vi at vi får 7 glas i veke 24.

Vi kjem tilbake med meir informasjon.

De kan til ei kvar tid finne oppdaterte tal på kor mange som er vaksinert i Solund her.