Testing og smitteråd

Smitta aukar i Norge igjen, hugs at pandemien er ikkje over.

Legekontoret har heimetestar, dei leverer testane ut til deg og du må hente dei sjølv ute ved same inngangen som vert nytta til korona-testing.
Du må ikkje gå inn på verken legekontor eller resten av Solund helsetun om du skal teste deg eller hente heimetest.

Hovudregelen er at du må ta kontakt med legekontoret for å få utlevert ein heimetest, ev. kjøpe deg ein eigen heimetest på apoteket.

Bedrifter kan kjøpe heimetestar til eigne tilsette frå apoteket.

Her kan du lese måten FHI ser føre seg at vi skal opptre når vi kjenner på symptom

 

   

Helse- og omsorgsdepartementet har fastsett endringar i covid-19-forskrifta.

Endringa medfører testplikt for personar over 18 år som har vore i nærkontakt med personar i same husstand eller liknande som er bekrefta smitta.

Forskrifta gjeld frå 16. november 2021 kl 24.00.

Les meir om endringane i forskrifta her. (PDF, 166 kB)