Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Barnehage og skule opnar att

Barnehagen opnar frå 20.april. Føresette vil få melding frå barnehagen om det praktiske rundt opninga.

OBS. Leikeplassen ved barnehagen vert stengt for alle som ikkje har plass i barnehagen!

 

Skulen opnar frå 27.april for elevane i 1.-4. klasse. Føresette vil få melding frå skulen om det praktiske rundt opninga.