Koronaviruset - Covid 19

Her finn du informasjon om nye nasjonale tiltak og informasjon om vaksinering.

Sjå óg kommunen si samleside om Korona

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Bekrefta smittetilfelle

Det er no påvist koronasmitte i Solund.
11 personar har testa positivt på PCR-test.

Ungdomsskulen opna att på grønt nivå frå onsdag 19. januar med omfattande testing.
Barneskulen har vore open heile tida.

Barnehagen opna att på grønt nivå frå torsdag 20. januar med omfattande testing.

 

At ungdomsskulen og barnehagen no har vore stengt har vore naudsynt for å få oversikt over ein uoversiktleg situasjon. Strategien framover er å halde så mykje som mogleg ope, og å teste mykje. Berre når smitte blant tilsette gjer at det ikkje er mogleg å oppretthalde drifta vil vi redusere opningstider eller stenge.

 

Unntatt frå denne strategien er Helse og omsorg. Fram til og med måndag 31. januar vert Solund helsetung stengd for besøk. Det vil i same periode berre vere opent for helsetenester etter førehandsavtale. Treningsrommet på Solund helsetun er stengd. Tenestene på sjukeheimen og kjøkenet vert elles ytt som vanleg.

 

Vi ber alle som testar positivt på hurtigtest ta kontakt med legekontoret på tlf 954 53 525 for vidare oppfølging. Andre koronarelaterte spørsmål skal óg rettast dit. Skal du bestille time for vaksinering nyttar du tlf 459 74 003.

Skal du bestille time hos lege eller skal ha anna kontakt med legekontoret for anna enn korona må du ringe først. Her kan du lese meir om korleis du skal gå fram for kontakt med legekontoret, helsestasjonen m.m.

Lurer du på om du bør vere i karantene?
Helsedirektoratet har laga ein karantenesjekk som du finn her

Du kan til ei kvar tid finne oversikt over tal smitta på FHI sine nettsider

Vi minner også om dei nasjonale retningslinene. Oppretthald god handhygiene, bruk munnbind der du ikkje kan halde ein meter avstand og avgrens kor mange du har kontakt med.