Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (dagtid, mandag - fredag) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Nye besøksrutinar ved Solundheimen frå 16.10.2020

Klikk for stort bilete Besøkstider ved Solundheimen er kvar dag frå kl 11-13 og kl 16-18.

Fylgjande retningsliner gjeld:

• Besøk er innanfor angitte besøkstider
• Besøk skal foregå på pasientrom eller ute, og dei besøkjande skal ikkje opphalde seg på fellesareal.
• Besøkjande skal fylle ut sjølvrapporteringsskjema og leggje i boks ved hovudinngangen
• Antal besøkjande utvidas til maks tre om gongen.
• Hugs å halde 1 meters avstand og bruk riktig håndhygiene
• Har du vore på reise til utsatte områder, oppfordrar vi til å avvente besøk i minst ei veke, evt bruke medbrakt munnbind.
• Er du sjuk, har nyleg har vore sjuk eller nyleg har vore i kontakt med sjuke, skal du IKKJE vitje Solundheimen eller bebuarane der.


Minner óg om at det framleis er høve til å ta kontakt med dine pårørande via nettbrett.

 

Solund kommune minner om frårådinga mot reiser til Bergen, Oslo og Viken som ikkje er naudsynte. Personar som har vore i slike områder bør nytte munnbind i 7 dagar etter at dei kjem attende til Solund.