Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Kjem du frå område med aukande smitte, skal du ikkje besøke bebuarar ved Solundheimen. Ikkje alle bebuarane er vaksinert av helsemessige årsaker. Personalet er heller ikkje ferdigvaksinert.

Besøkstider ved Solundheimen er kvar dag frå kl 11.00 - 13.00  og 16.00 - 18.00

Tal besøkjande vert redusert til 2 personar om gongen, med mindre det er alvorleg sjukdom hos bebuaren ein skal besøkje.

Fylgjande retningsliner gjeld:

  • Bruk av munnbind er anbefalt og besøk er innanfor angitte besøkstider
  • Hugs å halde 2 meters avstand og bruk riktig håndhygiene
  • Besøk skal foregå på pasientrom eller ute, og dei besøkjande skal ikkje opphalde seg på fellesareal.
  • Besøkjande skal fylle ut sjølvrapporteringsskjema og leggje i boks ved hovudinngangen
  • Er du sjuk, har nyleg har vore sjuk eller nyleg har vore i kontakt med sjuke, skal du IKKJE vitje Solundheimen eller bebuarane der.
    ​​​​​

Minner óg om at det framleis er høve til å ta kontakt med dine pårørande via nettbrett.

 

Det er ei vanskeleg tid for oss alle, og spesielt vanskeleg er det for dei eldre som ikkje får møte sine kjære slik situasjonen er no.

Solundheimen har fått tre iPader som ei gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som vi håpar vil gi eit lysglimt i kvardagen til våre bebuarar. Ved hjelp av iPadane kan bebuarane og pårørande ha kontakt med kvarandre gjennom videosamtale i Skype.

Ta kontakt på telefon: 57 78 62 50 for å avtale tid for videosamtale med den du ønske å snakke med.

Sosial kontakt aukar livskvaliteten vår, og vi håpar at denne muligheita opnar opp for fleire gode samtaler med dine kjære i denne tida.