Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du oppdatert informasjon om situasjonen og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronalinje 954 53 525 (dagtid) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Smitteverntiltak i Solund

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følger situasjonen og utviklinga tett.

Det er i dag (28.03.2020) registert tre personar i Solund som er smitta av koronavirus. Alle er sett i full isolasjon. Smittevegen er kjend og alle naudsynte tiltak er sett i verk. Alle er truleg smitta utanfor kommunen. 

Eit av dei viktigaste førebyggjande verkemidla er å unngå forsamlingar der smitte kan bli spreidd.

Situasjonen endrar seg heile tida, hald deg oppdatert på relevante nettsider og nyheitssendingar.
 

Har du spørsmål andre om koronaviruset?

Ring kommunal koronatelefon - 954 53 525 (ope 0830 – 1500) legevakt tlf 116 117 utanom kontortid eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015. Telefonen er open kvardagar 08 - 18 og helgar 10 - 16.

Solund kommune sine lokale tiltak:

I tråd med dei nasjonale påboda og med heimel i Smittevernlova § 4 er fylgjande tiltak sett i verk i Solund kommune for å hindre utbreiing av Koronaviruset. Alle tiltaka gjeld i fyrste omgong til og med 2. påskedag (13.04.2020)

  • Karantene for tilreisande frå område utanfor gamle Sogn og Fjordane - oppheva 20.03.20
  • Begrense reiser til og frå kommunen
  • Barnehage og skule er stengt frå 13. mars 2020. Barn av personer i samfunnskritiske stillingar har rett på tilsyn, desse vert kontakta direkte.
  • Alle arrangement og samlingar vert forbode. Vanleg matservering/bordbestilling vert ikkje sett på som arrangement, men det må ikkje serverast frå matbuféar
  • Solundheimen vert stengt for besøkande.
  • Det vert sett i verk ekstra reinhald i institusjonen og på helsesenteret
  • Fysioterapitenesta i Solund er stengt.
  • Idrettsbygget på Hardbakke inkludert bassenget vert stengt for trening/aktivitet.
  • Biblioteket vert stengt
  • Gjenbruket og alle aktivitetar er stengt
  • Kommunehuset vert stengt for publikum, Sentralbordet er ope som vanleg
  • Alle reiser, kurs og møte for tilsette som ikkje er strengt naudsynt vert avlyst
  • Alle tilsette som har høve til det skal jobbe frå heimekontor
  • NAV Solund er stengt
  • Det er redusert aktivitet ved tannklinikkane i Vestland
  • Varehandelen vil ha ope som normalt og ein oppmodar alle om å rette seg etter rådet om å ikkje hamstre matvarer.

Oppmoding til private bedrifter og innbyggjarane

Solund kommune oppmodar private bedrifter om å setje i verk naudsynte tiltak for å hindre smitte.

  • Bedrifter som har arbeidstakarar som har komt får andre land i tida etter 27. februar skal setjast i heimekarantene i 14 dagar.
  • Bedrifter med tilsette som kjem frå andre land framover skal setjast i heimekarantene i 14 dagar straks dei kjem til landet, (helst på flyplass). Det er viktig at personane ikkje reiser med offentleg transport
  • Ha ekstra fokus på reinhald og smittehindrande hygienetiltak i tida framover
  • Ta kontakt med naboen din og tilby hjelp og støtte

 

Solund kommune held seg til elles råd og rettleiing frå Fylkesmannen i Vestland og Folkehelseinstituttet når det gjeld Korona-viruset. Kommunen sin smittevernplan er oppdatert i tråd med Fylkesmannen si oppmoding.

Du kan skaffe deg oppdatert informasjon om førebygging, kva du må gjere ved mistanke om smitte og anna nyttig informasjon på nettsidene til  Folkehelseinstituttet  og  HelseNorge

 

Her finn du meir nyttig informasjon:

Korona

Må heile familien i karantene?

Karantene gjeld berre enkeltpersonar, familien treng ikkje å gå i karantene. Dette følgjer av dei nasjonale retningslinjene.

Korleis førebygge spreiing av korona-viruset?

Følg råda frå helsemyndigheita som kan førebygge smitte.

For å hindre smitte bør personar som er sjuke unngå å hoste eller nyse direkte på andre, og ein bør halde 1 meter avstand til personar med luftvegssymptom. Ein bør hoste/nyse i eit papirtørkle (kast etter bruk) eller i armkroken.

God handhygiene, både hos sjuke og friske, er viktig for å hindre smitteoverføring. Vask hendene ofte og grundig med såpe og lunka vatn, spesielt når du har vore ute blant folk. Handdesinfeksjon er eit godt alternativ dersom handvask ikkje er muleg

Råd og informasjon til personar i risikogrupper
Definisjon av nærkontakt med personar som er smitta med Covid 19
Stengde skular og samfunnskritiske funksjonar - tiltak på nasjonalt nivå

I samband med stenging av skular og barnehager må det lagast ordning for born med foreldre i samfunnskritiske funksjonar. Les meir her.

Smittevernråd ved naudsynte reiser
Om heimekarantene og heimeisolasjon
Oppdatert informasjon frå Fylkesmannen i Vestland
Informasjonsfilm om koronaviruset

Film om koronaviruset. Filmen er spesielt retta mot born og unge.