Besøksrutinar ved Solundheimen/sjukeheimen frå 25.09.2021

Landet er åpna opp etter pandemien frå den 25 september 2021, men med fylgjande informasjon ang. munnbind: Anbefaling/påbud om bruk av munnbind kan brukast som eit lokalt tiltak ved behov. I helsetenesta er munnbind eit viktig smittevernstiltak.

 

Dersom du ikkje er vaksinert.

Dersom du ikkje er fullvaksinert mot Covid-19 så ber vi deg ta på munnbind og halde ein meter når du er på besøk på sjukeheimen.
Både uvaksinerte og fullvaksinerte bør vurdere å unngå besøk på sjukeheimen rett etter eit opphald i område der det er høg smitte.
Ta kontakt med avdelingssjukepleiar dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon dei første dagane etter besøket.

 

Det er også viktig med god hygiene og her er råda frå regjeringa som gjeld alle:

Vask hendene ofte: Bruk såpe og vatn, eller alkoholbasert handdesinfeksjonsmiddel.

Hostehygiene: Bruk papirlommetørkle, eller albuekroken når du hostar eller nys. Kast lommetørkleet og vask hendene etterpå.

 

​​​​​Minner óg om at det framleis er høve til å ta kontakt med dine pårørande via nettbrett.