Koronaviruset - Covid 19

Her finn du informasjon om nye nasjonale tiltak og informasjon om vaksinering.

Sjå óg kommunen si samleside om Korona

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Grunna mogeleg korona-smitte i Solund kommune vert Solundheimen er stengt for besøk frå mandag 17.01.2022 og inntil videre.  Ved spørsmål kan ta kontakt med avd. sjukepleiar på telefon 459 74 005.

Det er ei vanskeleg tid for oss alle, og spesielt vanskeleg er det for dei eldre som ikkje får møte sine kjære slik situasjonen er no.

Solundheimen har fått tre iPader som ei gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som vi håpar vil gi eit lysglimt i kvardagen til våre bebuarar. Ved hjelp av iPadane kan bebuarane og pårørande ha kontakt med kvarandre gjennom videosamtale i Skype.

Ta kontakt på telefon: 57 78 62 50 for å avtale tid for videosamtale med den du ønske å snakke med.

Sosial kontakt aukar livskvaliteten vår, og vi håpar at denne muligheita opnar opp for fleire gode samtaler med dine kjære i denne tida.