Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Utbrot av mutert korona-virus i Oslo-regionen

Oppdatering 26.01.2021

Solund kommune fyl situasjonen rundt smitteutbrot i Sunnfjord og utbrot av mutert koronavirus på austlandet nøye.
Kommunen minner om oppmodinga om å ikkje føreta reiser som ikkje er heilt naudsynte og å ha færre kontakter enn vanleg. Dersom ein reise til område med mykje smitte vil kommunen oppmode alle om fylgjande etter heimkomst:

  • Aller helst gå i sjølvpålagt karantene og å teste seg etter 8 dagar etter heimkomst
  • Halde 1 meter avstand til andre og 2 meter til eldre og utsette personar
  • Ikkje besøke Solundheimen før det har gått 1 veke
  • Fylgje generelle hygieneråd ekstra nøye (handvask og evt hostehygiene)

Solund kommune har ikkje vedteke lokale smittevernstiltak og føl nasjonale retningsliner. Det muterte koronaviruset har synt seg å smitte lettare enn det vanlege, vi må alle gjere det vi kan for å hindre eit utbrot. Solund kommune har difor vald å kome med tilrådingane over.