Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Smittesituasjonen i Solund

Oppdatering 16.03.2021

Solund kommune er kjent med at statistikk frå FHI viser at ein person heimehøyrande i Solund kommune er smitta av Covid-19

Personen er ikkje testa her i kommunen, og oppheld seg i annan kommune  i isolasjon.

Det er ut frå desse opplysningane ikkje grunnlag for å setje i verk lokale smitteverntiltak.