Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Nye smittevernreglar

Oppdatering 28.10.2020

Regjeringa har kome med nye nasjonale innstrammingar:

I private heimar bør det ikkje være meir enn 5  gjestar, dette gjeld ikkje for barn frå 7. klasse og nedover.
Private arrangement på offentleg stad skal ikkje ha meir enn 50 gjestar.

Karantenereglane for arbeidsinnvandrarar vert også stramma inn. Arbeidsgjevarar som tar imot arbeidsinnvandrarar bør sette seg godt inn i dei nye reglane.

Her kan de lese heile pressemeldinga.

Vidare er det ei generell oppmoding om å vere saman med færre personar i sosiale samanhengar gjennom ei veke. Vi minner også om dei generelle råda om å halde 1 meter avstand, ha god hoste- og handhygiene og om å halde seg heime når ein er sjuk. På plassar der ein ikkje kan halde 1 meters avstand er munnbind eit godt tiltak for å hindre spreiing av ukjent smitte, til dømes på kollektiv transport.

Les meir om bruk av munnbind og andre tiltak hos FHI