Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Reiser og karantene i Solund kommune

Søndag 15. mars fatta kommuneoverlegar i dei fleste kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane vedtak om at personar som hadde hatt opphald i ei rekke andre regionar i Norge, måtte vere i karantene i 14 dagar etter innreise til kommunen. Vedtaket var fatta etter smittevernlova § 4-1 og hadde 7 dagars varighet. Vedtaket blir ikkje forlenga. Dei som sit i 14 dagars karantene på grunn av innreise frå andre steder i Norge er ikkje lenger i karantene.

 

Solund kommune ber likevel om at ein berre reiser inn eller ut av kommunen når det er strengt naudsynt. Alle må ha stort fokus på smitteverntiltak, halde avstand frå kvarandre og halde fram med god handhygiene.

 

Vi gjer også merksam på at nasjonale karantereglar fortsatt gjeld. Det betyr mellom anna at personer som kjem frå utlandet, eller som har vore i nærkontakt med smitta, skal i 14 dagars karantene. Personer med symptom på luftvegsinfeksjon skal helde seg heime. Forbodet mot å være på fritidseigedom i anna kommune gjeld fortsatt. Personer med påvist smitte skal i isolasjon.

Meir om heimekarantene:

Karantene

Kva inneber det å sitje i karantene?

Dette gjeld for dei som sit i heimekarantene:

  • Ein skal ikkje gå på skule eller jobb.
  • Ein skal ikkje oppsøke offentlege stader som butikk. Treng ein å få heimkøyrt varer kan ein kontakte Solund Frivilligsentral på 412 43 087
  • Dei som bur saman kan omgåast normalt viss ingen av dei har symptom
  • Ein skal ikkje ta lengre reiser innanlands eller reise utanlands. Solund kommune ber om at all reiseaktivitet som ikkje er strengt naudsynt blir utsett
  • Ein skal ikkje ta offentleg transport
  • Ein skal unngå stader der det er vanskeleg å halde avstand
  • Ein kan gå tur ute, men bør unngå område med andre folk og til dømes halde seg i hagen

FHI har sett opp råd for dei som sit i karantene