Her vil du finne oppdaterte koronasertifikat, basert på vaksiner du har fått, gjennomgått koronasjukdom og koronatestar du har tatt hos helsepersonell. Du kan óg skrive ut koronasertifikata dine hvis du ynskjer å ha dei i papirversjon, men dette er ikkje nødvendig.
Kan du ikkje logge deg på helsenorge.no kan du få utskrift fylgjande stader:
Utskrift av koronasertifikat hos Solund kommune
Utskrift frå kommunen føreset:
- At du har tatt ein negativ hurtigtest eller
- At du har tatt ein PCR-test på legekontoret
- Vi kan óg tilby utskrift av koronasertifikat dersom du er vaksinert, og av ein eller annan grunn ikkje kan ta utskrift sjølv eller logge deg inn på helsenorge
Ta kontakt med Solund legekontor
Opningstid 09.00 - 15
Timebestilling på tlf 57 78 62 80
Hugs å ta med legitimasjon
Utskrift av koronasertifikat ved å ta kontakt med Helfo
- på telefon 815 55 015 måndag – fredag kl 08.00 – 15.30 eller
- pr brev til:
- Helfo
- Postboks 2415
- 3104 Tønsberg
OBS! Utsending av koronasertifikat tek 1 – 2 veker
Du finn framgangsmåte for å bestille koronasertifikat frå Helfo her