Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

No blir biblioteket delvis opna att

Frå tysdag 28.04.2020 satsar vi på å opne opp att biblioteket i tråd med retningslinjene til FHI.

Det vil då fortsatt vere restriksjonar, som at det berre kan vere ein lånar eller familie/hustand om gangen inne i lokalet.

Vi oppmodar besøkande om å nytte antibac-dispensaren som står ved innsida av inngangsdøra, og å halde avstand til betjeninga så godt som råd.

Det vil bli dei ordinære opningstidene utan «fleksi-tid».

Samstundes med delvis opning tilbyr vi fortsatt "take-away" (bestilling av bøker for henting evt. levering) for dei som ikkje har mogelegheit eller av andre grunna ikkje vil oppsøke biblioteket.