Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Fysioterapitenesta opnar att

Fysioterapitenesta vil vere open frå måndag 20. april, med enkelte restriksjonar og i henhold til bransjestandard for 1-1 behandling. Akutte problemstillingar med behov for rask igangsetjing av tiltak vil prioriterast. Ein vil så langt det let seg gjere forsøke å unngå fysisk oppmøte for å redusere smitterisiko.

 

Fysioterapeuten er tilgjengeleg på tlf. 400 34 833 kl. 08-15 måndag til fredag.

Her finn du meir om bransjestandarden