Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Vidareføring av Solund kommune sin tiltakspakke retta mot næringslivet i samband med Korona i 2021

Solund formannskap hadde møte 3. desember, der det vart gjort vedtak om tiltak som skal hjelpe næringslivet i Solund i denne tida.

Vedtaket i f.sak 095/20; Utviding av tida for tiltak retta mot næringslivet i samband med Koronapandemien var slik:

Det vert overført 450.000 kr av løyvinga frå ansvar 805 – Korona - Til formannskapets disposisjon -– midlar til næringslivstiltak i samband med Korona, til 2021.

Desse midlane skal nyttast til rentefritt lån til bedrifter med adresse i Solund som kan dokumentere finansielle problem i samband med koronapandemien. Det vert føresett at dei statlege og fylkeskommunale tiltaka er nytta så langt som råd.

Midlane kan også nyttast til overordna, framtidsretta verkemiddel/ tiltak som kjem næringslivet til gode.

  1. Det vert gjeve avdragsutsetting på næringslån, etter søknad.
  2. Det vert gjeve utsett frist på gjennomføring av prosjekt/tiltak det er søkt om  næringsfond- eller næringslånmidlar til, etter søknad
  3. Solund kommune søkjer å framskunde planlagt arbeid, og legg til rette for å bruke lokale leverandørar og aktørar.
  4. Solund kommune utset planlagde arrangement, avlyser ikkje.
  5. Mottekne fakturaer frå lokale verksemder, vert betalt så fort som råd.
  6. Søknadar om næringsfondmidlar og næringslån vert handsama fortløpande.
  7. Gründerar/ etablerarar har, etter søknad, fri husleige på kontorlokale og møterom i Ytre Solund Fleirbrukshus.
  8. Det vert lagt ut informasjon om dei kommunale tiltaka retta mot næringslivet på Solund kommune sine nettsider

Vedtaket har verknad for første halvår 2021. Ny vurdering vert gjort før perioden går ut

Dersom du har spørsmål om den kommunale tiltakspakken eller andre spørsmål i samband med tiltakspakkar frå staten og fylkeskommunen, ta kontakt med Anne Kristine Dyrdal i Solund kommune på tlf: 57 78 62 08 eller e-post: anne.kristine.dyrdal@solund.kommune.no