Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Solund kommune sin tiltakspakke retta mot næringslivet i samband med Korona

Solund formannskap hadde møte 6. april, der det vart gjort vedtak om tiltak som skal hjelpe næringslivet i Solund i denne tida.
 

Vedtaket i sak 026/20; Tiltak retta mot næringslivet i samband med Korona, var slik:

Det vert overført 1.000.000 kr frå disposisjonsfond, til ansvar 805 – Korona -Til formannskapets disposisjon -– midlar til næringslivstiltak i samband med Korona. Desse midlane skal nyttast til rentefritt lån til bedrifter med adresse i Solund som kan dokumentere finansielle problem i samband med koronapandemien. Det vert føresett at dei statlege og fylkeskommunale tiltaka er nytta så langt som råd. Midlane kan også nyttast til overordna, framtidsretta verkemiddel/ tiltak som kjem næringslivet til gode. Formannskapet handsamar søknader kvar andre veke, til situasjonen normaliserer seg.

 

1. Det vert gjeve avdragsutsetting på næringslån, etter søknad. Tilbakebetaling av avdrag innbetalt i 2020, kan vurderast.

2. Det vert gjeve utsett frist på gjennomføring av prosjekt/tiltak det er søkt om næringsfond- eller næringslånmidlar til, etter søknad

3. Utsetting av frist for innbetaling av kommunale avgifter, etter søknad. Reduksjon kan vurderast.

4. Solund kommune søkjer å framskunde planlagt arbeid, og legg til rette for å bruke lokale leverandørar og aktørar.

5. Solund kommune utset planlagde arrangement, avlyser ikkje.

6. Mottekne fakturaer frå lokale verksemder, vert betalt så fort som råd.

7. Søknadar om næringsfondmidlar og næringslån vert handsama fortløpande.

8. Gründerar/ etablerarar har fri husleige ut 2021 på kontorlokale og møterom i Ytre Solund Fleirbrukshus.

9. Tilbodet om informasjon og rettleiing til næringslivet vert oppretthalde til situasjonen normaliserer seg.

10. Det vert lagt ut informasjon om dei kommunale tiltaka retta mot næringslivet på Solund kommune sine nettsider

11. Vedtaket har verknad for året 2020

12. Vedtaket er fatta med heimel i kommunelova sin § 11-8, hastesaker.


Solund formannskap visar til sak 016/20 Organisering av framtidig næringsarbeid i Solund og ber administrasjonen sette forkant i prosessen med å innarbeide ein stilling som nærings- og samfunnsutviklar i Solund kommune, tidsmessig uavhengig av pågåande organisasjonsutviklingsprosess.

Heile saksutgreiing finn du her

Dersom du har spørsmål om den kommunale tiltakspakken, ta kontakt med Anne Kristine Dyrdal i Solund kommune på tlf: 918 62 055

Har du andre spørsmål i samband med tiltakspakkar frå staten og fylkeskommunen, spørsmål tilknytt rolla som arbeidsgjevar, bank med meir, ta kontakt med Tom Erling Bahus i Nordhordland Næringshage på tlf: 900 55 891