Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Rettleiing og råd til næringslivet

Solund kommune i samarbeid med Nordhordland Næringshage tilbyr rettleiing til bedrifter i samband med dei endra føresetnadane verksemdene i Solund opplever. Tilbodet er ope for mindre verksemder med adresse i Solund. Større verksemder vert oppmoda om å ta kontakt med sine bransjeorganisasjonar.

I første omgang kan ein få hjelp og støtte til:

  • innsikt i regelverk og rettigheiter
  • kor ein kan finne meir informasjon
  • kva mogelegheiter ein kan ha med bankar, med fleire.

Tenesta er open fram til situasjonen normaliserer seg. Det kan bli endringar ved behov. Ta kontakt på telefonnummer: 900 55 891

Du kan finne råd og tips til næringslivet på Facebook-sida til Norhordland Næringshage sine nettsider: https://www.facebook.com/naeringshagane/

 

NAV Nordhordland oppdaterer jevnleg informasjon på Nordhordland Næringslag sine nettsider, sjå https://www.nonl.no/aktuelt/informasjon-fr-nav-1

 

Her kan du sjå ein informasjonsvideo frå NAV- spesielt retta mot arbeidsgjevarar 

2008

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i samanheng med koronatiltaka i krisepakke – fase 3 for 2020 oppretta ein ny tilskotspost øyremerkt til kommunale næringsfond. Dette er ei eingongsløyving på 75,3 mill. kroner til kommunar i Vestland fylke som er hardt råka av høg arbeidsløyse som følge av virusutbrotet. Løyvinga til Vestland fylkeskommune er 75,3 mill. kroner, og Hovudutval for næring vedtok i sak 46/2020 den 16.07.20 at Solund kommuine skulle få eit tilskot på kr. 530.594. 

Frå og med måndag 4. mai kan frilanserar og sjølvstendig næringsdrivande sende inn søknad om å få kompensert tap av inntekt som fylge av koronasituasjonen. NAV har laga ei løysning som skal sikre både rask saksbehandling og utbetaling. 

Les meir på NAV sine nettsider

Solund kommune, Solund næringssamskipnad og Nordhordland Næringshage har tett dialog for å vere orientert om korleis koronakrisa påverkar lokalt næringsliv, og for å drøfte aktuelle tiltak. Det har vore gjort tiltak både frå Solund kommune, Solund Næringssamskipnad (SNS) og Nordhordland Næringshage (NHNH)

Les meir informasjon, kontaktinformasjon m.m. (PDF, 233 kB)

Solund formannskap hadde møte 6. april, der det vart gjort vedtak om tiltak som skal hjelpe næringslivet i Solund i denne tida.
 

Vedtaket i sak 026/20; Tiltak retta mot næringslivet i samband med Korona, var slik:

Det vert overført 1.000.000 kr frå disposisjonsfond, til ansvar 805 – Korona -Til formannskapets disposisjon -– midlar til næringslivstiltak i samband med Korona. Desse midlane skal nyttast til rentefritt lån til bedrifter med adresse i Solund som kan dokumentere finansielle problem i samband med koronapandemien. Det vert føresett at dei statlege og fylkeskommunale tiltaka er nytta så langt som råd. Midlane kan også nyttast til overordna, framtidsretta verkemiddel/ tiltak som kjem næringslivet til gode. Formannskapet handsamar søknader kvar andre veke, til situasjonen normaliserer seg.

 

1. Det vert gjeve avdragsutsetting på næringslån, etter søknad. Tilbakebetaling av avdrag innbetalt i 2020, kan vurderast.

2. Det vert gjeve utsett frist på gjennomføring av prosjekt/tiltak det er søkt om næringsfond- eller næringslånmidlar til, etter søknad

3. Utsetting av frist for innbetaling av kommunale avgifter, etter søknad. Reduksjon kan vurderast.

4. Solund kommune søkjer å framskunde planlagt arbeid, og legg til rette for å bruke lokale leverandørar og aktørar.

5. Solund kommune utset planlagde arrangement, avlyser ikkje.

6. Mottekne fakturaer frå lokale verksemder, vert betalt så fort som råd.

7. Søknadar om næringsfondmidlar og næringslån vert handsama fortløpande.

8. Gründerar/ etablerarar har fri husleige ut 2021 på kontorlokale og møterom i Ytre Solund Fleirbrukshus.

9. Tilbodet om informasjon og rettleiing til næringslivet vert oppretthalde til situasjonen normaliserer seg.

10. Det vert lagt ut informasjon om dei kommunale tiltaka retta mot næringslivet på Solund kommune sine nettsider

11. Vedtaket har verknad for året 2020

12. Vedtaket er fatta med heimel i kommunelova sin § 11-8, hastesaker.


Solund formannskap visar til sak 016/20 Organisering av framtidig næringsarbeid i Solund og ber administrasjonen sette forkant i prosessen med å innarbeide ein stilling som nærings- og samfunnsutviklar i Solund kommune, tidsmessig uavhengig av pågåande organisasjonsutviklingsprosess.

Heile saksutgreiing finn du her

Dersom du har spørsmål om den kommunale tiltakspakken, ta kontakt med Anne Kristine Dyrdal i Solund kommune på tlf: 918 62 055

Har du andre spørsmål i samband med tiltakspakkar frå staten og fylkeskommunen, spørsmål tilknytt rolla som arbeidsgjevar, bank med meir, ta kontakt med Tom Erling Bahus i Nordhordland Næringshage på tlf: 900 55 891