Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Info frå legekontor, helsestasjon m.m.

Legekontoret er ope som vanleg frå torsdag 30.04.2020 kl 08.00.

Alle pasienter skal ringe legekontoret/legevakta før dei kjem. Ingen skal møte direkte på kontoret utan avtale.

Dersom luftvegssymptom har tilkomme før timen din på legekontoret må det informerast om dette på telefon i forkant av time.


Smittesituasjonen krev at innbyggarane forheld seg til informasjon som vert gjeve kring karantene og isolering.
Ein forventar òg at innbyggarane er oppriktig i informasjon om eigne symptom.

Tlf legekontoret – tlf 57 78 62 80
 

Når du kjem til helsesenteret:
For å hindre korona-smitte og for evt smittesporing må alle som kjem til legekontoret fylle ut ei sjekkliste. Ynskjer du å gjere deg kjend med skjemaet finn du det her. (PDF, 13 kB)

 

Det er normal drift ved helsestasjonen og skulehelsetenesta.
Nasjonale smitteverntiltak vert gjennomført.
Har ein behov for å snakke med helsesjukepleiar ring 958 46 413 eller 57 78 62 82

Har  ein symptom på Klamydia og har behov for å ta ein Klamydiatest, må ein ta kontakt med fastlege.
Gratis kondom kan du bestille hos gratiskondomer.no


Er du gravid og har spørsmål om korona?

Ring jordmortenesta på tlf 416 35 117 (døgnvakt) eller helsesjukepleiar tlf 958 46 413 (08.00 - 15.30)

Ei god nettside der du får trygge svar for gravide og småbarnsforeldre er: helseoversikt.no og Helseoversiktappen.

Er du pårørande?

Treng du å snakke med nokon? Pårørendelinjen er open kl 09.00 - 15.00 og er å treffe på tlf. 90 90 48 48.

Du kan óg nytte chat:

Pårørendesenteret.no – for voksne pårørende

UngePårørende.no – for barn og unge pårørende

 

Hjelpetelefon for seksuelt misbrukte.

Her er Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte telefonnummer og webside:

Tlf: 800 57 000

webside: https://hfsm.no/