Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Hytteforbodet vert oppheva 20.04.2020

Forbod mot å overnatte på hytter og fritidsbustader vert oppheva måndag 20. april 2020.

Dette inngripande tiltaket vart sett i verk av omsyn til helsetenestene i kommunar med mange fritidbustader.

Sjølv om det frå 20. april ikkje lenger vert straffbart å overnatte på fritidsbustadane gjeld den nasjonale oppmodinga om å unngå fritidsreiser framleis.