Solund kommune handterer eit smittetilfelle av Covid-19 i desse dagar.

Personen som er smitta er ikkje heimehøyrande i Solund kommune, men har testa positivt og er i isolasjon. Dei som har vore i nærkontakt med den smitta her i Solund er i karantene, men har testa negativt.

Personen har sjølv tatt kontakt med si heimkommune og sine nærkontakter for test og smittevern.

Dose 3 er ei oppfriskingsdose som Solund kommune tilbyr alle over 65 år.

Denne dosen er ein ekstra vaksinedose til personar som har hatt god effekt av dei to første vaksinedosene, men som over tid mister deler av beskyttelsen.

Oppfriskingsdosa skal gjevast med eit intervall på minimum 6. mnd. etter dose 2.