Viktig melding frå helsestasjonen pr 16.02.2021

Me har no tilnærma normal drift.

Helsestasjonen ynskjer å beskytte dei mest sårbare brukarane våre mot korona smitte.

Vi ynskjer ikkje at de nyttar felles venterom med legekontoret.

Ein legg til rette for at de kan komme direkte inn på helsestasjonen utan venting.


Me ynskjer ikkje at du/de skal komme på helsestasjon, dersom ein har:

Feber
Hoste
Sår hals
Influensasymptom
Tung pust

Ring 57 78 62 82 eller  95 84 64 13  så avtalar me ny tid.

Generelle smittevern tiltak gjeld. Vi minner om avstand og handvask.

For å begrense tal besøkande på helsestasjon er det framleis ikkje høve til å ta med søsken til helsestasjon.

Dersom det er mogleg, skal berre ein vaksen følgje barnet til helsestasjonen.