Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (dagtid, mandag - fredag) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Smitteverntiltak ved helsestasjonen

Oppdatert 21.08.2020.

Vi følgjer vanleg helsestasjonsprogram og kallar inn til timar som normalt.

Vi ber om at de møter presis til avtalt tid på helsestasjonen for å unngå for mange i ventesona.

Når du/de møter til avtale, så skal du/de vere symptomfrie og ikkje vere i karantene.

Vask hendene eller bruk tilgjengeleg handsprit når de kjem og før de går frå helsestasjonen.

Hald minimum 1 meter avstand til andre. Vi ber om forståing for at barna ikkje kan bevege seg like fritt som vi skulle ønske, og at foreldre må hjelpe barna med å halde avstand.

Vi oppmodar besøkande om å unngå unødig berøring av flater av smittevernomsyn. Vi har auka reinhald og vaskar kontaktflater mange gonger dagleg.

Grunna smitterisiko har vi rydda bort leikar. Vi oppmodar difor foreldre om å ha med ein leike som barnet kan ha glede av under besøket på helsestasjonen.

Dersom mogleg skal berre ein vaksen følgje barnet til helsestasjonen. Søsken skal ikkje vere med.