Reisevaksinasjon

Reisevaksinasjon ved Solund legekontor og Solund helsestasjon

  • Reiser til utlandet
  • Spesielle jobbtilhøve
  • Påfylling av vaksiner.

 

Du må kontakte oss i god tid før du skal ut å reise.
Omfattande vaksinasjonsprogram med mange vaksiner kan ta fleire månader å gjennomføre.  

Vi kan garantere deg vaksinasjon / gjennomføring av vaksinasjonsprogram dersom du tek kontakt minimum seks veker før avreisedato. 

Framgangsmåte ved vaksinasjon:

1. Fylle ut Vaksinasjonsjournal for reisande. (PDF, 109 kB) Du må skrive detaljert om reisemål, reiselengde, butilhøve på reisa, spesielle utfordringar/risiko, avreisedato og tidlegare vaksinasjonar. 

Reisevaksinatør må ta omsyn til vaksiner du har fått tidlegare. Ta difor med gammalt  vaksinasjonskort eller vernepliktsbok.

Vi fyller ut aktuell vaksinasjon. 

Du kan finne «dine vaksiner» https://www.helsenorge.no/vaksiner/om/

Du kan sjølv lese meir om vaksiner og reiseråd på  https://www.fhi.no/sv/vaksine/reisevaksiner/

 

2. Fylle ut Helseopplysningar i samband med vaksinasjon (PDF, 110 kB) gjeld helseopplysning om deg sjølv. Viktig at du fyller ut så fullstendig som mogeleg. Desse opplysningane vert brukt for å kartlegge behov for vaksiner jfr. Folkehelseinstituttet.

 

3. Du må levere utfyllte skjema via legekontoret. Du får skjema på legekontoret og helsestasjonen, evt kan du skrive dei ut frå linkane over her.


Rutine:

  • Vi ordinerer reisevaksine frå Askvoll Apotek. Vaksiner vert sendt til Solund legekontor og faktura kjem heim til deg i posten.
  • Etter at vi har fått skjema om reisevaksinasjon vil vi utarbeide ei anbefaling til deg.
  • Du får tildelt time til vaksinering etter avtale pr telefon eller via SMS.
  • Du må vente 20 minutt etter vaksinasjon før du kan gå frå venterommet.
  • Alle vaksiner blir registrert i nasjonalt vaksineregister
  • Betaling for konsultasjon på legekontoret (bankterminal)

 

Prisar reisevaksinering
Kva Pris
1. gongs vaksinasonsavtale / ny reise Kr. 350
2. gongs vaksinasjon Kr. 200
Gruppe på 2 eller fleire pr person Kr. 250
Internasjonalt vaksinekort utan samtidig vaksinasjon Kr. 100

 

Kontakt:

Solund legekontor
Taklegarden 1
6924 Hardbakke

 

Legekontor Tlf 57 78 62 80

Helsestasjon Tlf 57 78 62 82

Leiande helsesjukepleiar
  • Tlf: 57786282
  • Mob: 958 46 413
  • E-post: