Helsestasjonstenesta 0 - 5 år
Kva tilbyr helsestasjonen?
Barn under skulealder får tilbod om oppfølging og faste kontrollar på helsestasjonen.
Du kan alltid ta kontakt med helsestasjonen om har spørsmål eller opplever små og store utfordringar i kvardagen.
Helsestasjonen har open helsestasjon kvar måndag kl. 09.00 - 11.00 for dei som ynskjer å vege og måle borna sine, eller evt har spørsmål. Det er ingen timebestilling, kun drop-in.
På helsestasjonen treff du helsesjukepleiar og lege. Du vil få innkalling til dei faste helseundersøkingane.
Alle nybakte foreldre får tilbod om telefon av jordmor kort tid etter utreise frå barselavdelinga. Deretter tek helsesjukepleiar over oppfølginga av barnet og familien, med heimebesøk innan 10 dagar etter fødsel.
Har du nyleg flytta til Solund Kommune og har barn under skulealder, ring oss for å etablere kontakt.
Er du gravid, ta kontakt med jordmor.
Alle våre tilbod er gratis.
Nytt tilbod for brukarane våre i Solund frå 01.08.20
Det er eit mål at helsestasjonstenesta skal vere lett tilgjengeleg. Difor har vi no "drop-in" tid kvar måndag kl. 09.00 – 11.00.
Drop-in-tilbodet er eit ekstratilbod for å imøtekome behov for oppfølging på kort varsel.
På grunn av koronasituasjonen må ein ringe på førehand og avtale tid.
De må gjerne ringe og be om telefontid eller ekstrakonsultasjon hos helsesjukepleiar som før, så ser vi kor raskt dette let seg gjere.
Temagrupper for spedbarnsforeldre
Vi arrangerer temagrupper for spedbarnsforeldre.
Tidpunkt for treffa vert kunngjort med oppslag
Kva vaksiner får barnet?
Her finn du oversikt over barnevaksineprogrammet
Faste konsultasjonar på helsestasjonen:
Alder | Kva undersøkas/ gjerast? | Ansvar |
0 – 7 dagar | Telefon når mor kjem heim etter fødsel. | Jordmor. |
0-2 veker | Heimebesøk | Helsesjukepleiar |
4 veker | Individuell helserettleiing. Vekt, hodeomkrets, utvikling. | Helsesjukepleiar |
6 veker | Legeundersøking og helserettleiing. Vekt, hodeomkrets, utvikling. Rotavirusvaksine (drikkevaksine). | Helsesjukepleiar og lege |
3 mnd. | Vekt, hodeomkrets, utvikling. Vaksine: Rotavirus (drikkevaksine). Difteri/stivkrampe/Kikhoste/Hib- infeksjon/Poliomyelitt og Pneumokokk-infeksjon. | Helsesjukepleiar |
5 mnd. | Individuell helserettleiing. Vekt/ lengde/Hodeomkrets Vaksine: Difteri/stivkrampe/Kikhoste/Hib- infeksjon/Poliomyelitt og Pneumokokk-infeksjon. | Helsesjukepleiar |
6 mnd. | Lege undersøking. Vekt/ lengde/Hodeomkrets Individuell helserettleiing. | Helsesjukepleiar og lege |
7 - 8 mnd. | Vekt/ lengde/Hodeomkrets Individuell helserettleiing. | Helsesjukepleiar |
11 - 12 mnd. | Legeundersøking Individuell helserettleiing. Vaksine: Difteri/stivkrampe/Kikhoste/Hib- infeksjon/Poliomyelitt og Pneumokokk-infeksjon. | Helsesjukepleiar og lege |
15 mnd. | Individuell helserettleiing. Vaksine: Meslingar /Kusma Røde hundar (MMR). | Helsesjukepleiar |
18 mnd. | Individuell helserettleiing. | Helsesjukepleiar |
2 år | Legeundersøking. Språk, utvikling, høgde og vekt. Individuell helserettleiing. | Helsesjukepleiar og lege |
4 år | Individuell helserettleiing. Legeundersøking ved behov | Helsesjukepleiar |
Opplever du utfordringar i kvardagen?
Familiar kan i periodar trenge ekstra hjelp og støtte. Snakk med helsesjukepleiar og vi kan gi deg råd og rettleiing.
Vi jobbar mellom anna med:
- førebyggande psykososialt arbeid
- hjelp og samarbeid med barnehage og skule
- samarbeid om habilitering av barn og unge med spesielle behov
Vanlege utfordringar foreldre tek opp på helsestasjonen
- Eg har problem med amminga.
- Eg føler meg deprimert etter fødsel.
- Eg har problem med å få nok mat i barnet mitt.
- Barnet mitt græt nesten heile tida.
- Barnet mitt søv ikkje om natta.
- Barnet vårt er så sjenert og engsteleg.
- Barnet mitt høyrer ikkje på meg.
- Det er vanskeleg å vere mamma og pappa. Familiar kan i periodar trenge ekstra hjelp og støtte. Snakk med helsesjukepleiar og vi kan gi deg råd og rettleiing.
Vil du vite meir?
Her finn du brosjyrer og lenker til nyttige og trygge nettstadar.
UTLÅN PÅ HELSESTASJONEN
Bilstol.
Elektrisk brystpumpe
Alarm for sengevetere
Sist endra04.09.2020 14.35