Tverrfagleg bustadrådgivingsgruppe for tilpassing av bustad.

Klikk for stort bilete

Har du behov for å tilpasse bustaden din? Då kan du søkje om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpassingar.

Å tilpasse ein bustad vil seie å gjere han eigna slik at du kan halde fram å bu i han, sjølv om du har nedsett funksjonsevne.

Det finst låne- og tilskotsordningar, som kan gjere det mogleg å finansiere tilpassing av bustaden din. Kommunen kan finne fram til dei ordningane som finst for deg. Tilpassinga må vere føremålstenleg, og behovet for tilskott blir vurdert ut frå husstanden sin økonomiske situasjon i framtida. Du kan lese meir om låne- og tilskotsordninga her.

For å imøtekoma personer med behov for bistand i bustadtilpassingssaker, har kommunen etablert ei tverrfagleg bustadrådgivingsgruppe.

Bustadrådgivingsgruppa er samansett av ergoterapeut Hilde Moen Lamo, byggjerådgjevar Anne Kari Reigstad og økonomirådgjevar Kjell Mongstad. Gruppa samlast når søknader kjem inn og elles etter behov.

Ergoterapeuten har ansvar for funksjonsvurdering, praktiske løysningar, kontakt med pleie- og omsorgssektoren og hjelpemiddelsentralen. Byggerådgjevar representerer den byggetekniske kompetansen, kostnadsberekning og vurdering av praktiske løysingar. Økonomirådgjevar vurderer dei økonomiske verkemidla, finansiering og brukaren sin økonomiske evne.

Har du behov for å gjere tilpassingar i din bustad?
Ikkje ver sein med å ta kontakt for spørsmål og rådgiving. Til saman vil den tverrfaglege gruppa ha nok kompetanse og få inn nok opplysningar til å kunna avgjere innkomne søknader om finansiering av små eller store tilpassingar av din bustad, på ein god måte.

Kontaktperson:

Ergoterapeut Hilde Moen Lamoe, tlf 459 74 006, epost: hilde.moen.lamoe@solund.kommune.no

Fann du det du leitte etter?