OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Førebyggande heimebesøk

"Aktiv i eiga helse, trygg i eigen heim" 

Tilbodet om førebyggjane heimesøk er for deg som er 75 år. Heimebesøket er frivillig og gratis. 

Kva er førebyggande heimebesøk

Fysio- og ergoterapitenesta ynskjer å komme på førebyggjande heimebesøk for å gje informasjon og rettleiing som kan bidra til å ha ein aktiv og meiningsfylt kvardag og at du skal kunne bu lengst mogleg heime. Vi kan gje rettleiing og informasjon om tilhøve som kan ha verdi for kvardagen, livskvalitet og helsa di.

Område vi ynskjer å informere om og sjå i samanheng er:

  • fysisk aktivitet  
  • sosialt liv 
  • kosthald
  • bustad 
  • tilrettelegging og tryggleik i heimen.

Vi kan òg  informere om offentlege og frivillige tilbod i kommunen.

Korleis få førebyggande heimebesøk

Vi sender invitasjon til dei aktuelle  og ringer i forkant for å avtale tid og bekrefte om ein tar imot besøket. Den som kjem har teieplikt og opplysningar frå besøket vil bli dokumentert i kommunen sitt elektroniske journalsystem

 

Nyttige nettstader:

Tryggleik i heimen for eldre

65+ øvelsar som held deg i form

Ann Helen Kvamen
Fysioterapeut
Helse og omsorg
Epost
Mobil 400 34 833
Hilde Moen Lamo
Ergoterapeut
Helse og omsorg
Epost
Mobil 459 74 006
Til toppen