OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Om ergoterapitenesta

Har du nedsett eller redusert funksjon som påverker korleis du meistrar daglege aktivitetar eller gjeremål i kvardagen din, kan ergoterapi være ei hjelp til å bli betre. Tenesta samarbeider tett med andre tenester i kommunen.

Ergoterapeuten sitt hovedfokus er å legge til rette for størst mogeleg sjølvstende hos personer der sjukdom, skade eller anna funksjonsnedsetjing er til hinder for aktivitet og gjennomføring av daglege gjeremål. Dette innebærer mellom anna 

  • kartlegging av individuelle behov 
  • trening i ulike ferdigheiter og bruk av teknologi 
  • søke om og/eller tilpasse hjelpemidler samt tilrettelegge fysiske omgjevnader

Ergoterapeuten tilbyr tenester til alle innbyggjarane - uavhengig av alder.

Ergoterapitenesta kan bidra med

  • Kartlegging og vurdering av funksjonsnivået ditt
  • Motivere deg slik at du når måla dine
  • Tilrettelegging under opptrening i ulike rehabiliteringsfaser
  • Tilrettelegging for at du skal greie deg sjølv og for meistring på ulike arenaer
  • Utprøving, tilpassing og formidling av hjelpemidler som kan gjere kvardagen enklare og tryggare
  • Aktivitetstilpasning, for eksempel å tilrettelegge for balanse mellom aktivitet og kvile, samt utforme aktivitetsplan
  • Råd og rettleiing ved kognitive vansker, for eksempel med struktur, konsentrasjon, hukommelse og overgangssituasjoner
  • Råd og rettleiing om tilrettelegging av bustad og ved universell utforming

Situasjonar der kommunal ergoterapeut kan bidra

  • Ved stort, brått funksjonsfall
  • Ved motoriske vanskar som forseinka utvikling av grov,- og finmotorikk
  • Når du ikkje lenger klarer å utføre daglige, praktiske oppgaver som du klarte tidligare, til dømes gå på butikken, ta bussen, besøke vener og familie m.m.
  • Ved behov for tilrettelegging og hjelpemidler for å kunne utføre daglege gjeremål
  • Når du ynskjer hjelp til rettleiing og tilrettelagt trening for å bli meir selvhjulpen
  • Ved kroniske lidingar som nevrologiske, revmatiske eller ortopediske sjukdommar
  • Ved kognitive vanskar og nedsett syn og hørsel

Ved arbeidsplassvurdering ber vi deg ta kontakt med bedriftshelsetenesta, eventuelt konsulent på NAV.

Kvar kan du få tenesta?

Du kan få tilbod frå ergoterapeuten

  • i eigen heim
  • på Solund Helsetun
  • i barnehagen og på skulen
  • på kort- eller langtidsavdelinga på sjukeheimen

Kva kostar det?

Tenester frå den kommunale ergoterapitenesta er gratis.

Korleis kan du få tilbod frå ergoterapitenesta?

Du fyller ut og sender inn eit av desse skjema 

Tilvising ergoterapeut born under 16 år (PDF, 348 kB)

Tilvising ergoterapeut vaksne (PDF, 349 kB)

Tilvisingsskjema kan leggast i låst postkasse ved hovudinngangen på Solundheimen, eller sendast til:

Ergoterapitenesta
Taklegarden 1
6924 Hardbakke

 

Her kan du sjå ein liten informasjonsfilm om kva ergoterapi er

Hilde Moen Lamo
Ergoterapeut
Helse og omsorg
Epost
Mobil 459 74 006
Til toppen