OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Hukommelsesteamet i Solund

Hukommelsesteamet er eit lavterskeltilbod til personar som har fått problem knytta til hukommelsen, mistenkjer demens eller alt har ei demensdiagnose. Pårørande kan óg nytte seg av hukommelsesteamet.

Teamet kartlegg og utreder personer med hukommelsessvikt eller demens. Vi anbefaler tiltak og tenester, samt gjev råd og rettleiing til den enkelte og deira pårørande.

Teamet samarbeider med fastlegane og heimetenesta i kommunen.

Normalt eller sjukdom?

Det er normalt å gløyme eit gjeremål, ein tidsfrist eller at ein rotar bort nøkler og lommebøker frå tid til annan.

At ein hyppig opplever å gløyme ting eller opplever uforklarleg forvirring kan derimot vere eit teikn på at noko er gale. Har du, eller ein av dine næraste, fått problem med å klare små eller store oppgåver i kvardagen på grunn av forandringer i hukommelsen? Ta kontakt med hukommelsestemaet for ein uforpliktande samtale.

Hukommelsesteamet kan tilby

  • Heimebesøk i samband med ynskje om informasjon og råd knytta til hukommelsessvikt
  • Heimebesøk i samband med utredning, kartlegging og rettleiing.
  • Samarbeid med fastlege om utredning
  • Tilrettelegge for ein enklare kvardag
  • Pårørendeskule
  • Støttesamtalar
  • Rettleiing og kompetanseutvikling til tilsette i helse- og omsorgssektoren i kommunen
  • Tilgjengeleg på telefon/sms/mail for alle som har behov for samtale, råd og rettleiing i høve demens


Kven kan ta kontakt?

  • Personar med hukommelsesvanskar, pårørande og vener
  • Fastlegar
  • Helsepersonell i kommunen

Her finn du søknadsskjema til hukommelsesteamet

 

Hilde Moen Lamo
Ergoterapeut
Helse og omsorg
Epost
Mobil 459 74 006
Doris Steinsund
Sjukepleiar
Helse og omsorg
Epost
Mobil 975 75 117
Til toppen