Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Omgangssjuka

Visste du at…

… vinteren er høgsesong for omgangssjuke på grunn av norovirusinfeksjonar

… norovirus er svært smittsamt. Dei viktigaste førebyggjande tiltaka er grundig handvask med såpe og vatn og god kjøkkenhygiene.

… det er aller viktigast å forebygge uttørking frå du vert sjuk til du er frisk

... mageinfeksjonen sit i øvre mage/tarm-område, med meir kvalme og oppkast enn diare, og går fort over

 

 

Unngå uttørking ved å:

 

  • Drikke meir av det du vanlegvis drikk, med ein gong du vert sjuk
  • Varier drikke mellom usøta og lettsalta.
  • Veleigna drikke er vatn, supper, jus, morsmelk/mjølk, m.m.
  • Brus, sterk saft og andre søta drikker som leskedrikker, og kaffi og lettbrus, m.m. kan forverre. Alternativt kan søte drikker fortynnes med vann i like deler
  • Små, hyppige slurkar er betre enn store
  • Nytt saft-is, sugerør og andre lure triks
  • Et vanleg mat, spesialmat er ikkje nødvendig. Gjerne med grønnsaker, belgfrukter, salat, nøtter og frukt, som erstatter tap av eit nødvendig salt som heiter kalium

Ved oppkast, gjer dette;

 

  • Vent 5-10 minutter; prøv så med små, hyppige slurkar
  • Prøv igjen dersom oppkast på nytt, men saktare

Forebygg å bli sjuk

 

  • Bruk handvask
  • Og klorvatn til flater
  • Spritdesinfeksjon verkar ikkje
  • Jobbande i mat/barnehageborn bør vere symptomfrie i 48 timar før ei vender tilbake til jobb/barnehage
  • Les detaljar om god, førebyggjande hygiene her