Mottok Helsedirektoratet sin Dine30-gullmedalje

Klikk for stort bilete

Helsedirektoratet ynskte i år å heidre eldsjeler, tilsette eller andre i landet, som la ein særskild innsats i å aktivisere folk flest. Dette har m.a. Anne Kristine Dyrdal og Hilde Marit Nikolaisen Trovåg i Solund klart.

I anledning Solunddagane 26. august i år, mottok båe kvar sin Dine30-gullmedalje frå Helsedirektoratet, overrekt av ordførar Gunn Åmdal Mongstad. Hilde Marit var vekkreist for anledninga, for å vise sitt store engasjement for fysisk aktivitet som deltakar på Birkebeineren.

 

Medaljemottakar Anne Kristine Dyrdal og ordførar Gunn Åmdal Mongstad - Klikk for stort bilete

Anne Kristine Dyrdal er leiar av idrettslaget Ytre Solund Idrettslag (YSIL) og har klart å engasjere folk i ulik form og alder, med variert kvardagstrim etter jobb og skule. Leiaren dreg sjølv i gong dei faste utandørsaktivitetane. Særskilt intervalltrening langs vegen, og turar i naturen. Til nesoddar, fjell eller i skog.

 

Å bruke nærmiljøet er både genialt og utfordrande på Vestlandet. Turgåing er blant dei aktivitetane som er mest brukt og aukar mest, og ikkje minst lettast tilgjengeleg for oss alle. Men Vestlandet gir sine borgarar ekstra utfordringar. Når vi fyrst har kome oss opp av sofaen, vrenger ofte vinden jakka og regnet kjem sidelengs. Slikt krev gjerne ekstra motivasjon, og høge støvelskaft i våt utmark. I tillegg er det er langt mellom husa og naboen som skulle vere med på tur, og fortau og gatelys er stort sett ein smal vegskulder og lommelykt. Men dårleg ver stoppar ikkje aktivitetane til Anne Kristine, før vinden vert så sterk at den får eit namn.

 

- Eg hadde sjølvsagt fortsett engasjementet mitt uavhengig av medaljen, men det gjev jo ein vitamininnsprøyting, seier Anne Kristine, som meiner det er mange andre som også hadde fortent ei slik merksemd i Solund. - Den største vitaminsprøyta er uansett at det kjem folk på aktiviteten, og at det er viktig og kjekt for folk at tilbodet er der.

Lagleiaren vonar bru vil knyte kommunen meir saman og gjere det lettare for fleire å delta på aktivitetar.

 

Hilde Marit Nikolaisen Trovåg - Klikk for stort bileteHilde Marit Nikolaisen Trovåg er administrator av det kommunale tilbodet Aktiv På Dagtid. I tillegg er ho leiande helsesyster og leiar av Psykisk helse. Med samarbeidspartnarar har ho klart å etablere lavterskeltilbodet Aktiv På Dagtid i kommunen, med stor suksess. Men vegen dit har vore ganske lik vegane i Sogn og fjordane; kronglete og lang, men enda i noko særs bra.

 

Aktiv på Dagtid gjer helsemyndigheitene glad. Dei likar nemleg tilbod som når alle, og som får med seg både folk med og utan helseplager. Besøkstala vitnar om at tilbodet er svært godt likt og brukt. Tilbodet har nytta både idrettshallar, symjebasseng og uteområde. Og ein antek at suksessen bak opplegget er at det jamleg vert skreddarsydd til befolkninga sine behov og interesser, i samråd med ulike lag og organisasjonar.

 

Tilbodet har hatt mange utfordringar i samband med rekruttering av instruktørar, men Hilde Marit har klart å halde tilbodet ope, med ein betydeleg innsats og engasjement. Vi mistenker at hennar nordnorske sjarm og uthaldenheit har spela ei vesentleg rolle.

 

Hilde Marit synes det er motiverande å få ei slik medalje, og takkar for at arbeidet som vert lagt ned i Aktiv på Dagtid i lag med samarbeidspartnarane vert sett. – Vi ynskjer å få til eit endå betre tilbod, seier ho, og har visjonar om at tilbodet kan nå nye brukarar og høgder med eit kompetanseløft.

 

Om filosofen og psykologen Søren Kierkegaard hadde levd i dag ville han nok ha tatt fyrste fly og gratulert våre medalje-mottakarar personleg. For dei har nemleg starta arbeidet heilt i hans ånd: For å lukkast med å hjelpe andre, må ein nemleg møte dei der dei er, og begynne der.

 

Vi gratulerer!

Mona Hjønnevåg, Folkehelsekoordinator i Solund kommune.

Fann du det du leitte etter?