Hjelpemiddel

Har du nedsett funksjonsevne kan du ved kortvarig behov låne hjelpemidlar frå det kommunale hjelpemiddellageret i Solund kommune. Ved langvarig behov kan du låne hjelpemidlar frå NAV Hjelpemiddelsentral.

Har du kortvarig behov kan du låne hjelpemidlar i inntil to år. Du kan låne for eksempel krykker, rullestol, rullator og ulike typar hygienehjelpemidlar.

Har du langvarig behov kan du låne hjelpemidlar så lenge du har behov for det. Du kan låne for eksempel alarm- og varslingshjelpemidlar, elektrisk rullestol, rampe, sittesystem og høyrsel- og syns tekniske hjelpemidlar (ikkje høyreapparat).

 

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon
Teneste Telefon E-post Tilgjengeleg
Ergoterapitenesta 459 74 006 hilde.moen.lamo@solund.kommune.no Dagtid mandag - fredag