Solund dagsenter

Solund Dagsenter vart offisielt opna 01. mars 2017.

Dagsenteret er eit tilbod til alle fastbuande eldre i kommunen.

 

Vårt mål er å:

  • gje auka livskvalitet og meiningsfylt innhald i kvardagen
  • gje tilbod om aktivitetar
  • bryte einsemd og etablere kontakt
  • gje avlasting til pårørande
  • lage eit miljø der tryggleik og glede står i fokus
  • skape kontakt mellom dei som bur heime og dei som bur på institusjonen
     

Korleis søkje?

  • Du må ha fast bustad i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad.
  • Er du usikker på om dette er eit tilbod som passar deg, er du velkommen innom på besøk før du søker.
  • Vi på Dagsenteret hjelper deg gjerne med å fylle ut søknad.                              

 

   Her finn du søknadsskjema for dagsenteret

Våre opningstider:

Måndag:         09.00 - 14.30
Tysdag:          09.00 - 14.30
Torsdag:         10.00 - 15.00

Vi held til i underetasjen på Solund Helsetun.
 

Priser- egenandel:

Dagsenter opphald per dag med middag Kr 110,-

Dagsenter opphald per dag utan middag Kr 20,-

I denne prisen er det også lagt til kaffi og kaffimat. Solund kommune skriv ut rekning.

 

Skyss til Dagsenteret

Servicekyss i Solund går kvar torsdag (ikkje raude dagar) og ein kan verte henta ved bustaden sin. 
Eigenandel kr 30,- pr. tur.

Her finn du meir informasjon om ruter og tinging