Koronaviruset - Covid 19

Her finn du informasjon om nye nasjonale tiltak og informasjon om vaksinering.

Sjå óg kommunen si samleside om Korona

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Ergoterapi

Ein ergoterapeut arbeider med menneske, som har, eller står i fare for å få, vanskar med å meistra daglege gjeremål, som kan skuldast skade, sjukdom eller andre årsaker.

Ein ergoterapeut kan hjelpa til med:

- Kartlegging av brukar sin situasjon
- Trening i daglege gjeremål
- Fallforbygging
- Tilpassing av bustad og miljø
- Tilpassing og oppfølging av tekniske hjelpemiddel 
- Gje rettleiing og informasjon

Ergoterapeutar hjelper til med å finne løysningar når det oppstår eit gap mellom din helse og krava kvardagen har, for at ein skal ha eit så aktivt liv som mogleg. Tenesta inngår som ein del av kommunens tverrfaglege rehabilitering og kvardagsrehabiliterings tilbod i privat heim og sjukeheim. 

Kontaktinformasjon:
Hilde Moen Lamo, tlf. 57 78 62 60 / 459 74 006
 

Send tilvisingsskjema ved ønske om ergoterapiteneste/ hjelpemiddel til:

Solund kommune
Ergoterapeut
6924 Hardbakke

Skjema finn du på legekontoret, Nav Hardbakke, eller du kan laste dei ned her:
 

Tilvising ergoterapeut born under 16 år (PDF, 348 kB)

 

Tilvising ergoterapeut vaksne (PDF, 349 kB)