Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Tryggleiksalarm

Klikk for stort bilete

Tryggleiksalarm skal sikra tryggleik slik at du kan bu lengst mogleg heime.

Tenesta vert gjeve i private heimar og omsorgsbustader. Dette er i utgangspunktet eit servicetilbod og er ei betalingsteneste. Tryggleiksalarmen er tilknytta mobilnettverket som gjer at du ikkje treng fasttelefon for å kunne ha alarm.

Tryggleiksalarmen er kobla opp til alarmsentralen i Sogn og Fjordane. Ved utløysing av alarm tek alarmsentralen direkte kontakt med deg, eventuelt vert alarmen vidarevarsla til den som står først på kontaktlista. Det kan vera pårørande, nabo eller heimetenesta.

Alarmen er ein enkel måte å få kontakt med helsepersonell døgnet rundt, samt å få nødvendig hjelp dersom det oppstår ein akutt situasjon.

Har du spørsmål kan du kontakte:

  • Ergoterapeut: Hilde Moen Lamo, tlf. 57 78 62 60, kontortid måndag-fredag kl. 08.00-15.00
  • Heimetenesta: tlf. 913 16 272 kl. 08.00-22.00

Du kan óg søkje på tenesta ved å fylle ut dette søknadsskjemaet (PDF, 660 kB) og sende det inn