No kan du søkje sosialhjelp digitalt

Du kan no søkje sosialhjelp digitalt i kommunen vår. Den nye løysinga gjer at du kan søkje heimanfrå heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett.

For å søkje sosialhjelp digitalt må du logge seg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikre løysingar som Buypass eller Comfides.
 

Treng du hjelp?

Treng du hjelp til utfylling, kan du ringje NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få vegleiing over telefon. Om du av ulike årsaker ikkje kan eller ønskjer å benytte deg av den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du framleis bruke papirsøknad.  Denne kan lastast ned frå vår nettstad, eller du kan få den tilsendt per brev.

 

Meir informasjon

På menyen på nav.no under sosiale tenester og økonomisk sosialhjelp finn du meir informasjon. Veiviser økonomisk sosialhjelp nav.no