Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Koordinerande eining (KE)

I Solund kommune er det inntaksnemnda som er koordinerande eining.

Inntaksnemnda er ei tverrfagleg samansett faggruppe som skal sikre eit heilskapleg tenestetilbod og at tenestene samhandlar. Eininga skal òg sikre kvar enkelt sin rett til koordinator og individuell plan. Tildelinga skjer etter søknad, og det er koordinerande eining som tildeler koordinator.
 

Kontaktperson for koordinerande eining:

Helsesjukepleiar
Hilde Marit N Trovåg
Tlf 57 78 62 82
E-post: hilde.marit.trovag@solund.kommune.no


Koordinerande eining har ansvaret for:

  • å vere pådrivar for å sikre gode tverrfaglege og samordna tenester, og utvikle av heilskaplege og målretta tenestetilbod
  • å vere eit fast lett tilgjengelig kontaktpunkt "Ei dør inn" for brukarar, interne og eksterne samarbeidspartnarar innafor habilitering og rehabilitering
  • å ha systemansvar for individuell plan for personar med behov for langvarige og sammensette/koordinerte teenester
  • å peike ut den tenesta som får det koordinerande ansvaret for individuell plan
  • tenesteleiar peikar ut koordinatorer.

Individuell Plan og ansvarsgruppe er for deg som har behov for langvarige og koordinerte tenester.

Dette er ein plan for deg som har kontakt med 2 eller fleire tenester. Ved å takke ja til Individuell Plan, får du då ein personleg koordinator som hjelp deg å koordinere tenestene du har kontakt med.

Planen er din og vert utforma saman med deg.

Ein Individuell Plan er eit dokument for arbeidsprosess og eit verktøy innan Psykisk helse,  Rusomsorga, NAV, barnevern, helsestasjon, PPT, heimesjukepleien, PU.