Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Hukommelsesteamet i Solund Kommune

Hukommelsesteamet er eit lavterskeltilbod til personar som har fått problem knytta til hukommelsen, mistenkjer demens eller alt har ei demensdiagnose og deira pårørande.

Teamet kartlegg og utreder personer med hukommelsessvikt eller demens. Vi anbefaler tiltak og tenester, samt gjev råd og rettleiing til den enkelte og deira pårørande. Teamet samarbeider med fastlegane og heimetenesta i kommunen.

Normalt eller sjukdom?

Det er normalt å gløyme eit gjeremål, ein tidsfrist eller at ein rotar bort nøkler og lommebøker frå tid til annan. At ein hyppig opplever å gløyme ting eller opplever uforklarleg forvirring kan derimot vere eit teikn på at noko er gale. Har du, eller ein av dine næraste, fått problem med å klare små eller store oppgåver i kvardagen på grunn av forandringer i hukommelsen? Ta kontakt med hukommelsestemaet for ein uforpliktande samtale.

Kva kan vi tilby:

  • Heimebesøk i samband med ynskje om informasjon og råd knytta til hukommelsessvikt
  • Heimebesøk i samband med utredning, kartlegging og rettleiing.
  • Samarbeid med fastlege om utredning
  • Tilrettelegge for ein enklare kvardag
  • Pårørendeskule
  • Støttesamtalar
  • Rettleiing og kompetanseutvikling til tilsette i helse- og omsorgssektoren i kommunen
  • Tilgjengeleg på telefon/sms/mail for alle som har behov for samtale, råd og rettleiing i høve demens


Kven kan ta kontakt?

  • Personar med hukommelsesvanskar, pårørande og vener
  • Fastlegar
  • Helsepersonell i kommunen

 

Kontaktpersonar:

Hukommelsesteam
Hukommelsesteam
E-post Tittel Tlf Mob
Hilde Moen Lamoe Ergoterapeut 459 74 006
Doris Steinsund Sjukepleiar 975 75 117
Demenslinja 23 12 00 40

 

Nyttige lenkjer: 

Temaside om demens

Symptom på demens

Tilbod til pårørande til personar med demens

Aldring og helse

Nasjonalforeningen for folkehelsen

Pårørandesenteret

Demens App

Hjelpemiddel for personar med demens

Velferdsteknologi og hjelpemiddel

Demensvenlege omgivelser i heimen

Helse- og omsorgsleiar
  • Tlf: 57 78 62 23
  • Mob: 909 24 284
  • E-post: