Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Langvarig behov for hjelpemiddel

Har du på grunn av nedsett funksjonsnivå eit langvarig behov for hjelpemidlar, kan du låne dei frå NAV Hjelpemiddelsentral. Den kommunale ergoterapeuten kan hjelpe deg meg å finne det rette hjelpemiddelet som passer for ditt individuelle behov. Du vil då også få hjelp til å sende søknad og vidare prosess. Ta kontakt med kommunal ergoterapeut ved å fylle ut tilvisingsskjema.

Kva kan du låne?

Du kan låne frå eit stort utval hjelpemidlar. Døme på hjelpemidlar er alarm- og varslingshjelpemidlar, elektrisk rullestol, hygienehjelpemidlar, sittesystem og høyre- og syns-tekniske hjelpemidlar.

Sjå kva du kan låne i Nav si Hjelpemiddeldatabase

Til vanleg vert det ikkje gitt støtte til hjelpemiddel du kan få kjøpt i vanlig handel, men du kan få støtte til ekstrautstyr, eller nødvendig tilpassing for å kunne ta hjelpemiddel i bruk.

 

Kven kan låne?

Du må ha langvarig (over to år) og vesentlig redusert funksjonsevne for å kunne søke om hjelpemidlar.

Er behovet midlertidig, for mindre enn to år og til enkle hjelpemidlar, sjå lån av hjelpemidlar ved kortvarig behov.

 

Koster det noko?

Det er gratis for lån av hjelpemidlar, bortsett frå nokon få unntak.

Du får hjelpemiddelet utlånt frå NAV Hjelpemiddelsentral, men nokre gonger gis det i staden tilskot til å kjøpe hjelpemiddelet sjølv.

 

Kor lenge kan du låne?

Du kan låne hjelpemiddel så lenge du har behov for det. Når hjelpemiddelet ikkje lenger er i bruk skal det leverast tilbake til NAV Hjelpemiddelsentral, den kommunale ergoterapeuten vil hjelpe til med tilbakelevering.

 

Utlevering av hjelpemidlar

Hente sjølv

Hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral vert som regel levert via ergoterapitenesta i Solund kommune. Ønsker du å hente hjelpemiddelet sjølv, gi beskjed til den som hjelper deg å søke slik at du får beskjed når hjelpemiddelet er klart for henting.
 

Hjelp til utkøyring og montering

Dersom du ikkje kan hente hjelpemiddelet sjølv, eller det er krav til montering, vil tilsette frå ergoterapitenesta eller vaktmestertenesta levere og montere hjelpemiddelet heime hjå deg. Det vil bli gjort avtale med deg om tidspunkt for levering. 

 

Opplæring i bruk av hjelpemidlar ved langvarig behov

Du vil få nødvendig opplæring i bruk av hjelpemiddelet av den som har hjelpt deg å søke om hjelpemiddelet. Du vil også bli følgt opp i bruken av hjelpemiddelet for å sjå om det er behov for justeringar, meir opplæring, eller om hjelpemiddelet dekkjer behovet.

 

Reparasjon av hjelpemidlar

NAV Hjelpemiddelsentral og ergoterapitenesta har hovudansvar for at utlånte hjelpemidlar fungerer. Ved defekt hjelpemiddel, ta kontakt med kommunal ergoterapeut. Hjelpemiddelet skal være reingjort før reparasjon.

 

Retur av hjelpemidlar ved langvarig behov

Når du ikkje lenger har behov for eit hjelpemiddel skal det leverast til NAV Hjelpemiddelsentral. Ta kontakt med kommunal ergoterapeut for bistand av retur. Hjelpemiddelet skal være vaska før det vert returnert.


Kontaktinformasjon ved behov for langvarig lån

Kontaktinformasjon
Teneste Telefon E-post Tilgjengeleg
Ergoterapitenesta 459 74 006 hilde.moen.lamo@solund.kommune.no Dagtid mandag - fredag

 

Tilvisingsskjema ergoterapi (PDF, 349 kB)

Tilvisingsskjema ergoterapi - born (PDF, 348 kB)