Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Kortvarig behov for hjelpemiddel

Har du behov for kortvarig lån av hjelpemiddel grunna sjukdom eller skade  kan du låne hjelpemidlar gratis hjå det kommunale hjelpemiddellageret. Du må avtale på førehand og gje informasjon om ditt fulle namn, adresse og fødselsdato.

Kva kan du låne?

Du kan låne følgande hjelpemidlar:

  • Arbeidsstol
  • Badekarbrett
  • Dusjstol
  • Krykker
  • Rullator
  • Rullestol
  • Underarm rullator
  • Toalettstol
  • Frittståande høgdestol til toalett

 

Hjelpemidla er ikkje individuelt tilpassa, men dekker eit generelt behov.

Det er ikkje garantert at alle typar hjelpemidlar er tilgjengeleg til ei kvar tid.

 

Kven kan låne?

Dersom du på grunn av sjukdom eller skade har eit midlertidig behov for hjelpemidlar for å meistre dagligdagse aktivitetar. Behovet må være midlertidig, inntil to år. Du må være innbyggar i kommunen.

 

Koster det noko?

Det er gratis å låne hjelpemidlar.

 

Kor lenge kan du låne?

Du kan låne hjelpemiddel inntil to år. Dersom du har du behov for å låne hjelpemidlar lenger, må du kontakte kommunal ergoterapeut. Du vil då få hjelp til å søke hjelpemidlar for langvarig behov frå NAV Hjelpemiddelsentral.

Utstyr som ikkje er i bruk må leverast tilbake i reingjort stand så snart som mulig, slik at nye brukarar får nyte godt av tilbodet.

 

Slik låner du

  • Ta kontakt med den aktuelle kontaktpersonen (sjå kontaktinformasjon nedst på sida).
  • Informer om ditt fulle namn, adresse og fødselsdato (per telefon), samt grunngje ditt behov for hjelpemiddel.
  • Avtal henting ved det kommunale hjelpemiddellageret som er lokalisert ved Solund Helsetun, inngang i garasjen under omsorgshusværa.

Dersom du eller dine pårørande ikkje kan møte opp sjølv, avtal utlevering med kontaktpersonen.

 

Opplæring i bruk av hjelpemidlar ved kortvarig behov

Kontaktpersonen kan gi deg nødvendig opplæring i bruk av hjelpemiddel, dersom det er ønskelig. Du har også sjølv et ansvar for lære deg å bruke hjelpemiddelet.

 

Retur av hjelpemidlar ved kortvarig behov

Du må sjølv sørge for at hjelpemiddelet blir levert tilbake til det kommunale hjelpemiddellageret, i reingjort stand. Ta kontakt for å informere om retur av hjelpemiddel, samt avtale mottak.

Dersom du eller dine pårørande ikkje kan levere tilbake hjelpemiddelet, ta kontakt for å avtale henting.


Kontaktinformasjon kommunalt hjelpemiddellager

Kontaktinformasjon
Teneste Telefon E-post Tilgjengeleg
Ergoterapitenesta 459 74 006 hilde.moen.lamo@solund.kommune.no Dagtid mandag - fredag


Kontaktperson i veke 30, 31, 32, 33:
Fysioterapitenesta v/ Ingri Winge Breivik
Tlf 400 34 833 
Epost: ingri.winge.breivik@solund.kommune.no