Hjelpemiddel

Hjelpemiddel - Klikk for stort bilete Lån av hjelpemiddel er eit tilbod til deg som grunna sjukdom eller nedsett funksjonsnivå treng hjelpemiddel for å greie daglege gjeremål og vere mest mogleg sjølvhjelpen.

Solund kommune har utlån frå vårt lokale lager, men du kan også søkje NAV Hjelpemiddelsentralen Sogn og Fjordane.

Hilde Moen Lamo er Solund kommune sin ergoterapeut og hjelpemiddelkoordinator. Ho gir deg med råd om hjelpemiddel samt hjelper deg å søkje NAV.

Hilde er óg kommunen sin hørselskontakt

Hilde har kontortid måndag-fredag kl. 08.00-15.00 på Solundheimen, 2. etg. Dersom du ynskjer å få hjelp av Hilde ber vi deg å sende inn dette skjemaet (DOCX, 33 kB) på førehand. Det er ikkje krav til signatur og du skriv ditt eige namn under "tilvist av". Skjemaet kan leverast på Hilde sitt kontor eller sendast til:

Solund kommune
Ergoterapeut
6924 Hardbakke

 

Kontaktinformasjon:
E-post: hilde.moen.lamo@solund.kommune.no
Telefon: 57 78 62 60
Mobiltelefon: 459 74 006

Sist endra 25.10.2017 av Marit Utvær
Fann du det du leitte etter?