Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Fysioterapi

Fysioterapi består av helsefremjande og førebyggande arbeid. Gjennom kartlegging, trening og behandling er målet å oppnå best mogeleg funksjon i samband med skade eller funksjonssvikt.

Ein fysioterapeut kan hjelpe med:

  • Undersøking og vurdering
  • Behandling og oppfølging
  • Gruppetrening
  • Rettleiing av brukar, personale eller pårørande

Frå 1. januar 2018 treng ein ikkje tilvising frå lege for å få trygderefusjon frå HELFO. Vaksne og born over 16 år må betale eigenandel etter fastsette takstar. Du vil automatisk få frikort 2 når eigenandelstaket på 2025 kr er nådd.

Tilvisingsskjema ligg på legekontoret, utanfor fysioterapilokale, og på heimesida.

Tilvisingsskjema kan leverast i postkasse utanfor fysioterapilokale i underetasjen på Solundheimen, eller sendast pr post:


Solund kommune
Fysioterapeut
6924 Hardbakke

NB! Avtalte timar må avbestillast seinast 24 timar før. Timar som ikkje vert avbestilt må betalast.

 

Kontaktinformasjon:

Ann Helen Kvamen

Tlf.: 57 78 62 69

Mobil: 400 34 833

Tilvisingsskjema (PDF, 194 kB)

Klikk for stort bilete