Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Solund frisklivssentral

Frisklivssentralen er eit kommunalt tilbod som skal fremje fysisk og psykisk helse og vere med på å førebygge utvikling av sjukdom. Dette gjerast gjennom å gje deg støtte til å endre levevanar innan fysisk aktivitet, kosthald, søvn og bruk av tobakk.
 

Målgruppe

Tilbodet er til deg som står i fare for å utvikle, eller som allereie har utvikla livsstilsjukdommar. Det kan til dømes vere hjarte – karsjukdommar, diabetes, kols og nokon typar kreft. Tilbodet er førebels avgrensa til personar frå 16 år og oppover.

Tilbod ved frisklivssentralen

Fyrste besøk er ein helsesamtale der ein kartlegg behov for vidare oppfølging. Det vert sett fokus på din eigen motivasjon til å endre levevanane dine. Følgjande gjer vi ei vurdering i lag om kva slags oppfølging som passar for deg. Dette kan vere individuelle samtalar, individuell- eller gruppetrening, og kurs. Målet er å gjere deg betre i stand til å kunne meistre livsstilsendringa på eigahand. Etter kvart vil det komme kurs innan aktuelle tema som vil vere opne for alle innbyggjarar. Alle tilbod ved frisklivssentralen er gratis.

Kontakt

Du kan ta direkte kontakt med sentralen, eller be om ei tilvising frå til dømes fastlege, fysioterapeut, ergoterapeut, psykolog eller NAV. Sentralen held til i andre etasje på Solund Helsetun.

 

Ole Kristian Sund
Treningsfysiolog

Telefon: 45 97 40 03

E-post: ole.kristian.sund@solund.kommune.no