Førebyggande heimebesøk

Tilbod om førebyggande heimebesøk er for deg som er 75 år.
«Aktiv i eiga helse, trygg i eigen heim.»

Dei fleste seniorar i Solund kommune er stort sett aktive og har gode kvardagar. Fysio- og ergoterapitenesta ynskjer å støtte opp om dette. Vi ynskjer å komme på førebyggjande heimebesøk for å gje informasjon og rettleiing som kan bidra til å ha ein aktiv og meiningsfylt kvardag og kunne bu lengst mogleg heime.

 

Vi kan gje rettleiing og informasjon om tilhøve som kan ha verdi for kvardagen, livskvalitet og helsa di. Område vi ynskjer å informere om og sjå i samanheng er: aktivitet, fysisk, sosialt, kosthold, bustad, tilrettelegging og tryggleik i heimen. Vi kan òg  informere om offentlege og frivillige tilbod i kommunen.

 

Heimebesøket er frivillig og gratis. Vi sender invitasjon til dei aktuelle  og ringer i forkant for å avtale tid og bekrefte om ein tar imot besøket. Den som kjem har teieplikt og opplysningar frå besøket vil dokumenterast i kommunens elektroniske journalsystem

 

 

Kontaktpersonar:

Sentral informasjon: 

Fann du det du leitte etter?