Følgjekort

Følgjekort for funksjonsnedsette

Følgjekort skal gje personar som har ein varig eller imidlertidig funksjonsnedsetting med trong for hjelp, same høve som andre til å delta på aktivitetar i samfunnet. 
Følgjeperson til den funksjonshemma slepp å betale avgift/billettar på visse kulturarrangement/aktivitetar/reiser som den funksjonshemma deltek på.

Ordninga skal gje auka tilgjenge til offentlege kultur- og fritidsarrangment, og til offentlege transportmiddel. Følgjekortet skal fungere som eit verkemiddel til å førebyggje isolasjon og dermed medverke til å gje auka livskvalitet.

Kommunen lagar til eit følgjekort til den personen som treng følgje.

Søknadskjema (DOC, 32 kB)

Meir informasjon (DOCX, 15 kB)