Demensteamet i Solund Kommune

Dette er eit lavterskeltilbod for personar og pårørande som mistenkjer demens, eller personar som allereie har diagnosen.

Formålet med Demensteamet sitt arbeid er å tryggje kvardagen til personar med demens og deira pårørande,  gje informasjon og kunnskap, starte evt. utredning (i samarbeid med legetenesta) og hjelpe med eventuelle hjelpemiddel / rettigheitar.

Vi er og tilgjengeleg for opplæring av / informasjon til  tilsette i Helse – og omsorgstenesta.

Demensteamet er tilgjengeleg på telefon måndag til fredag, kl 10.00 - 14.00.

Per dags dato er det kun ein person i Demensteamet i Solund.

 

Tilbodet omfattar:

  • Pårørandeskule og samtalegrupper for pårørande
  • Samtalegrupper for personar med demens
  • Kartlegging av personar med demens eller mistanke om demens, i samarbeid med legetenesta
  • Rettleiing for tilsette som arbeider med personar med demens
  • Tilgjengeleg på telefon/sms/mail for alle som har behov for samtale, råd og rettleiing i høve demens

Kontaktpersonar:

Demensteam
E-post Tittel Tlf Mob
Hilde Moen Lamoe Ergoterapeut 459 74 006
Sist endra 08.11.2016 av Line Tordal Førde
Fann du det du leitte etter?
Helse- og omsorgsleiar
  • Tlf: 57 78 62 23
  • Mob: 909 24 284
  • E-post: